Korleis vart MORUS til.... kvar kjem dei frå... og kva vil dei!

Revygruppa MORUS blei stifta i eit anfall av kollektiv galskap ein mørk vinterkveld, nærare bestemt torsdag 30. januar 1992. MORUS er ei forkorting av "Moi og omegn revygruppe for uutforska sjeler". Kva denne lange beskrivinga skal bety er umulig å forklare, men ei opplysning i namnet er Moi som viser til staden gruppas medlemmer kjem frå. Moi er ei unnselig, spredtbygd lita grend lengst sør i Evje og Hornnes kommune. Når det gjelder antal innbyggarar er talet noko usikkert, men litt under eit par hundre røysteføre seiast det å vere her.

Køyre du forbi staden i bil (noko du sannsynligvis gjer) står det til dei busettes store fortviling Moisund og ikkje Moi på skiltane. Moisund er to lange rette strekningar på vegen, med noen forblåste hus på begge sider av vegen. I svært mange av dei vil du finne ein som på ein eller annen måte har noko med revygruppa å gjere, ja heile 10% av dei som bur her driv med revy....

Gruppas medlemmar er ei lett blanding av gamle og halvgamle personar i sin beste alder, vanlige folk med ein noko uvanlig hobby, og ein felles oppfatning av at lukka i livet er å stå på scenen, drive på med lys og lyd, arbeide med kulisser og rekvisittar og elles de utallige små og store utfordringane som må løysast for å lage ein revy - år etter år!

          _________________________________________________________

Det heile starta opp i 1992….....

Det he vore ei voldsom utvikling frå den spede starten i '92 fram til idag. Frå 1995 har revyene hatt ei speletid på minst 2 timer - uten pause! Tekstmessig he det og vore ei utvikling frå at mykje av stoffet i starten var frå andre revyer til at me nå skriv det meste sjølv. I samtlige revyer he me gjort alt arbeidet sjølv. Me he aldri leigd inn 
profesjonell hjelp, og det er me ikkje så reint lite stolte av!

1992

Det var ein meget forsiktig start, faktisk på fredag 13.! november på 4H-festen. 
Heile 5 nummer blei framført.
14 dager seinare blei same forestillinga framført på det kommunale julebordet, 
og då med eit nytt nummer i tillegg.

1993

Som i '92 var me ikkje blitt så avanserte at revyen hadde fått noko navn, men 
antall nummer var auka til 10, og revyen blei spilt 17.mai i Otrahallen til stor 
suksess. Seinare vart den vist på eit pensjonisttreff i kommunestyresalen.

1994 - Utan ein raud tråd

Premiere 8. april. Den første revyen i Evje kino, kor me framleis he tilhold. 
Fullt hus og stormande jubel, og gruppas skeptikere som trudde at det ikkje kom folk tok grundeg feil. Måtte sette opp ekstraforestilling eit par veker seinare. Nytt fullt hus, og mange fekk ikkje plass. Totalt 13 nummer i denne revyen. 8 av innslagene var eigne tekster. Forestillinga blei og vist i Otrahallen.

1995 - Selg ikkje skinnet før Bjoren er skutt

Dampbåten Bjoren blei ferdig restaurert og sjøsatt det året.
Premiere 15. februar. 4 fulle hus i Evje kino. 17 innslag, kor 11 eigen produksjoner.

1996 - Ingen veit kor Høgre hoppar

Premiere 13. februar. 6 fulle hus (ca. 1.050 tilskuere) i Evje kino. 22 innslag, kor 20  
var eigenproduksjon.

1997 - Kast ikkje glas i steinhus

Premiere 10. februar. 6 fulle hus i Evje kino. 22 innslag, kor 18 var eigenproduksjon.

1998 - Du trur det ikkje sjølv om du ser han

Premiere 13. februar. 6 fulle hus i Evje kino. 21 innslag, kor 18 var eigenproduksjon.

1999 - To fruer i ein smekk

Premiere 15. februar. 6 forestillinger i Evje kino, 4 utsolgte hus, og 2 nesten utsolgte.
22 innslag, kor 19 var eigenproduksjon. Et av numrene var en "minimusikal" som besto av 5 sanger, slik at vi kan si vi totalt hadde 26 innslag.

2000 - Bom-skot

Premiere 9.februar -  5 utsolgte forestillinger i Evje kino. 18 innslag, kor 17 var eigenproduksjon.

2001 - 10 år i Moi-rus

Premiere 7.februar.  5 nesten utsolgte forestillinger i Evje kino. 19 innslag, kor 15 var eigenproduksjon.

2002 - Sommerflørt på Moi

Dette var eit forsøk på noko nytt nemleg eit LYSTSPEL. 4 fulle hus og stormande jubel

2003 - Morus i langt øve 100 !

Premiere 6 februar. 4 fulle hus utsolgt på 36 timer!!! Ekstra salg av billetter til generalprøva. 
20 innslag, kor 17 var eigenproduksjon. Endå ein kritikar rost revy.....

2004 - Ingen eld utan røyk

Premiere 5 februar. 4 fulle hus utsolgt på 2 dager!!! 18 innslag kor 17 var eigenproduksjon.

2005 - Morus reddar furuskogen

Premiere 6 februar. 5 fulle hus utsolgt på 5 dager!!! 20 innslag kor ALLE er eigenproduksjon.

2006 - Betre skamlaus enn blyg

Premiere 8.februar. Fem førestellingar, onsdag, torsdag fredag x2 og laurdag, alle billettar utseld på fire dagar. Ekstraframsyning vart sett opp på laurdagen med bortimot fullt hus her og (12 ledige plasser).

2007 - Frå det eine te det andre

Premiere torsdag 8.februar på Evjemoen Kino. Tre førestellingar på kvar av kveldane torsdag fredag og laurdag. Bortimot utseld (ca 950 billetter)

2008 - Beinlause fuglar i open soning

Premiere torsdag 14.februar på Evjemoen Kino. Tre førestellingar på kvar av kveldane torsdag fredag og laurdag. 3 fulle hus.

 

Webredaktør: Odd Helge Liestøl