Tilbake  

Årets revy 2007 vart ein ny suksess
Publisert 14.02.2007

TAKK! Revygruppa ”Morus” ynskjer å takke publikum, sponsorar og alle medhjelparar som var med på å gjere den 16. Morusrevyen til ein folkefest for nær 1000 sjåarar.
Ein slik velvilje i bygda gjev oss mot til - og tru på at det vert ein  ny revy på Evjemoen også neste år.
SJÅ BILETA>>

 

------------------------------------------------------------------------------

Snart utseld for billettar!
Publisert 29.01.2007




Kun eit begrensa antal billettar igjen!

Sjølv om årets revy er flytta frå Evje til Evjemoen Kino med mykje større kapasitet, så er førestillinga "Frå det eine te det andre" no i ferd med å verte utseld. Laurdagsbillettar er ikkje mogleg å oppdrive og torsdag og fredag er og i ferd med å fyllast opp! Dette betyr at nærare 1000 billettar er seld ut til årets revy som er den 16 i rekkja....

            ------------------------------------------------------------------------------

Kva handlarårets revy om?
Publisert 26.01.2007




Årets revy 2007
På sida "Årets revy" vil det med jamne mellomrom komme nyhende om kva årets revy vil handle om. Dette vil skje gradvis og utan førehandsinformasjon. HAR DU oppført deg greit i året som er gjenge? Ein ting kan me seie - ingen skal føre seg trygge som har markert seg på ein eller anna måte. Eller dersom du skulle markert deg og ikkje har gjort noko

            ------------------------------------------------------------------------------

Etter 15 år på Evje Kino er det slutt!
Publisert 02.01.2007


Morus flyttar revyen til Evjemoen!
Etter at Morus har halde til på Evje Kino i alle år så har ein no med den usikkerheit som råder kring framtida for denne kulturstova, vald å flytte året førestilling
ned til Evjemoen Kino. Ettersom denne kinoen har fleire sitjeplassar så betyr dette mindre antal førestillingar, men me lovar ein like god revy! Årets revy "Frå det eine te det andre" vil difor ha premiere torsdag 8. februar med nytt show fredag 9 og laurdag 10. Ein vonar at flyttinga ikkje vil bety noko for besøkande til året revy! Billettar vil bli lagt ut for sal frå den 20. januar.

                                                                                      
 

MORUS fekk målpris!
Publisert 26.10.2006


Godt arbeid med lokal dialekt!

Etter 15 år i kulturens teneste fekk revygruppa i kveld sin fyrste pris. Dette var "Målblomen" frå Mållaga på Agder.
"Målblome 2006 er tildelt MORUS for godt arbeid med lokal dialekt", stod det på diplomet. Jan Hodne mottok prisen på vegna av revygruppa under den store festen i samband med hundreårs feiringa til mållaget.
Les meir>>
                                                                                      
 

Ein ungkars siste ferd
Publisert 28.08.2006


Ein av bygdas mest attraktive odelsgutar har vorte gift!

Tommy Dale (eller Kleveland om du vil) vart i slutten av august smidd i ekteskåpet sine faste lenker. Etter fleire år som ungkar fann han no tida moden for å roa seg ned og bokstaveleg talt "leve eit normalt liv"
Les meir>>
 

Audition til neste års revy.
Publisert 09.08.2006

 

Stykket "I blanke messingen" har dei siste åra gjenge sin seiergang rundt om i heile verda. Morus er blitt påverka av dette og vurderar difor sterkt å setje opp dette stykket til neste års revy. Som eit ledd i dette har ein nå starta arbeidet med å forsterka stallen med fleire "romper". Ein har måtta innsjå at det ikkje er alle dei eksisterande som passar heilt inn i alle roller.

Her kan du sjå bileta frå den fyrste messing audition som vart arrangert på Hannåsfeltet i byrjinga av august.  Sjå bileta>>
 

Morus prøver ut nye kostymer
Publisert 06.07.2006

 

Som eit ledd i fornyinga av revyen og gruppa generelt har Morus nytt mykje tid i sommar for å skaffe seg nye kostymer.

For å kunne få ei føling med korleis folk reagerar på dei nye kostyma har me reist rundt i euraopa denne sommaren for å få tilbakemelding. Ei av dei kostyma som har vagt mest oppsikt er eit nakenkopi av redaktøren i moisund.com, Øystein Moi.

Etter at han stod modell i nærare ein månad vart denne drakta sydd av okseforhud for å få den til å sjå mest mogleg lik ut orginalen.

Dette biletet er tatt under studieturen til Riga i mai månad, ein tur som har vore mykje omtala i media den siste månaden. Du kan lese meir i landets største avis. Les meir>>

Bilete frå Morus sin studietur til Riga - 2006

 

 

Turen til Riga vart ein ubetinga suksess for alle i revyen. Kulturlivet i den Latviske hovudstaden stod i høgsete og inspirasjon til neste års revy er alt på plass. Det var ein tur som gav oss mange utfordringar som det å finne ei seng å sove i når det viste seg at hotellet me hadde booka var fullt... utan åkkås namn.

Sjå bileta frå turen, men hugs at nokre gonger lyg bileta.  Sjå bileta>>

 

 

                                                                                                                                                                          

Morus revyen 2006

"Betre skamlaus enn blyg" Premiere onsdag 8. februar

EVJE KINO

EKSTRAFRAMSYNING - Laurdag 11. februar kl 15:00

På grunn av stor etterspurnad på billettar har Morus vedteke å setja opp ei ekstraframsyning laurdag 11. februar kl 15:00.

Billettar til denne framsyning vil bli lagt ut for sal hjå Hornnes Veiservice (Esso) og Fargehuset (Evje) frå fredag 3.februar!

                                                                                                                                                                          

Morus fryktar epidemi under årets revyframsyning!

Morus er redd den frykta fugleinfluensaen (eller hønesjuka som me seie på Moi) skal bre seg i samband årets framsyning. For å sikra folk og kre på ein best mogleg måte har ein difor sett i verk nokre tiltak som ein ber om at blir teke omsyn til. Her kan du sjå kva desse tiltaka går ut på... Les meir>>

 

                                                                                                                                                                                                                                  

Knut Kjetil Møen med gjesteopptreden under året revy!

Etter mange år i skuggen av fleire kjende artistar har no Knut Kjetil teke skrittet ut i rampelyset og opp i elitedivisjonen og satsar på ein vellukka gjesteopptreden som musikar på årets Morus revy. Den erfarne korpsmusikaren Borge Tørå, har lova å ta hand om opplæringa, med det skulle han vere i gode hender. (Klikk på bilete for endra storleik og merk dykk korpsmusikaren i bakgrunnen)

                                                                                                                                                                              

Nærare 11 000 har sett Morus!

 

Når Morus no set opp si femtande førestilling på rad vil me passera 11 000 besøkande i løpet av denne tida! Førehandssal av billettar startar opp i fredag 27. januar og kan som vanleg kjøpast hjå Fargeriket på Evje og tidlegare Boa i Dåsnes, no Hornnes Vegservice Esso 

________________________________________________________________________________________

(i historien om Moi fann me dette)          Det Moderne Moi.

Det er umulig å avslutte betraktningene rundt Moi uten å komme inn på de glade kulturelle aktiviteter i bygda, for eksempel revygruppa "Moi og omegn, - revygruppa for "utforsking av uutforskete sjeler", forkortet "MORUS". Det burde ikke være mange lugubre ukjente flekker på kartet i Evje og Hornnes nå etter alle  årene med revy, men vi har å gjøre med utholdende "profesjonelle" samfunnsforskere og sjelegranskere som utøver sin gjerning i "sann nestekjærlighet". Bare at nestekjærligheten av og til kan ta overhånd!

Ikke rart at så mange øvrighetspersoner forsøker så best de kan å holde seg inne med denne inkvisisjonen av en revygruppe. I politikken kan det være helt nødvendig for å overleve. Og det er jo politikerens fremste mål og oppgave. Administrasjonen er nærmest uoppsigelige og derfor mer uberegnelige. Ett minefelt hvor en skal trå varsomt.

_________________________________________________________________________________________

Øystein tek pause!

Øystein tek eit kvileår som festleiar.. men de kan hende han er utkvilt nok til ei lita birolle...... sjølv om redaktøren tvilar på dette... han er som kjent ein særs aktiv mann herr Moi!

Ondsinna rykte vil ha det til at den kjende redaktøren av www.moisund.com er redd for å blande korta slik at nettstaden blir sett på som useriøs blant folk. Morus ynskjer ikkje å spekulera i om fråveret frå årets revy skuldast utbrentheit eller redsle for blanding av kort... Det jobbast i desse dagar med å finne ein erstattar for festleiaren i kjole og kvitt..

Vi vil sjølvsagt komme tilbake til denne saken så snart ein har betre oversikt.

___________________________________________________________

 

Dagny Tønnesen frå Lund Kristelige Mopedklubb!

"INGEN FORAN - INGEN BAKPÅ"

Framsyning på Hotell Norge utover våren 2006.

 

 

                                                                                                                                            

TILBAKE